Flammable Societies
Prosjektet ser på samanhengen mellom utviklinga i olje- og gassindustrien og generering av konflikt og fattigdom gjennom kvalitative studiar frå Latin-Amerika, Aserbajdsjan og Angola og foretar ein kritisk gjennomgang av norsk og skotsk oljehistorie.I samarbeid med Chr. Michelsens Institutt [CMI] Deltakarer John-Andrew McNeish, Chr. Michelsens Institutt [CMI]
Kvantitative tilnærmingsmåtar til ressursforbanninga viser seg å ha mange veike sider. Dette prosjektet bruker derfor kvalitative tilnærmingsmåtar for å studere samanhengane mellom utviklinga i olje- og gassindustrien og generering av konflikt og fattigdom og utsiktene for å skape økonomiske, politiske og sosiale muligheiter under fredelege forhold. Ein kritisk gjennomgang av norsk og skotsk oljehistorie, og studiar av Venezuela, Bolivia, Aserbajdsjan og Angola, gir prosjektet eit større samanlikningsgrunnlag for å sjå på korleis erfaringar frå Nordsjøen er relevante for land som i dag opplever problem relaterte til ressursforbanninga.
Finansiering
Noregs forskningsråd
- Øverland, Indra , Heidi Kjærnet, Andrea Kendall-Taylor [red.] (2010). Caspian Energy Politics: Azerbaijan, Kazakhstan and Turkmenistan. Abingdon, Routledge. 208 sider. This book analyses the role of oil and gas in the development of the three main petroleum exporters in the Caspian region - Azerbaijan, Kazakhstan and Turkmenistan - and how energy resources influence interactions with semi-authoritarian Russia and China.
