The Belgrade School of Security Studies (BSSS)
Prosjektet er eit samarbeid mellom NUPI og the Belgrade School of Security Studies og tar for seg utfordringane det serbiske samfunnet står overfor med å integrere dei serbiske væpna styrkene i eit sivilt demokratisk samfunn.Deltakarer
Vegard Valther Hansen
Ståle Ulriksen
Karsten Friis
Samarbeidsprosjektet mellom NUPI og the Belgrade School of Security Studies (BSSS) har som mål å utvikle ei betre forståing av den vestlege tryggingspolitiske tenkinga og naudsynet av å etablere eit demokratisk system som har overoppsyn med dei væpna styrkene i Serbia. BSSS er slik sett tenkt å fungere som ein kunnskapsbase på det tryggingspolitiske området og bidra som premissleverandør til den offentlege debatten om forsvarsreform og tryggingspolitikk i landet.
BSSS er ein del av Centre for Civil-Military Relations (ccmr-bg.org), som publiserer tidsskriftet Western Balkans Security Observer fire gonger årleg, og er aktiv i den offentlege debatten om tryggingspolitikk i Serbia. Senteret har òg eit nettverk av samarbeidsinstitusjonar i Søraust-Europa og eit aktivt forskings- og utdanningsprogram.
Finansiering
Utanriksdepartementet
