Multi-National Experiment 5 (MNE 5)
MNE 5 er eit stort internasjonalt program for konseptutvikling og eksperimentering innanfor fleirnasjonale og fleirfunksjonelle fredsoperasjonar.MNE 5 er eit samarbeid mellom åtte statar og NATO. Det norske bidraget blir koordinert via NATO, og bidragsytarar er FFI, FSTS, FOHK og NUPI. Deltakarer
Cedric H. de Coning
Kristin M. Haugevik
Jon Harald Sande Lie
Benjamin de Carvalho
Nina Græger
Vegard Valther Hansen
MNE 5 er eit stort internasjonalt program for konseptutvikling og eksperimentering innanfor fleirnasjonale og fleirfunksjonelle fredsoperasjonar. Prosjektet løper frå hausten 2006 til sommaren 2009. Målet er å finne gode måtar å koordinere og samordne politiske, humanitære, økonomiske og militære verkemiddel på i internasjonale innsatsar. MNE-serien blei initiert av amerikanske Joint Forces Command (JFCOM) i 2001 med fem partnarland. I MNE 5 har åtte statar og NATO status som partnarar. Det norske bidraget går via NATO. Her samarbeider NUPI, FFI, Forsvarets stabsskule og Forsvarets operative hovudkvarter nært med NATOs transformasjonskommando i prosjekt som studerer korleis ein best kan bruke effektbaserte operasjonskonsept i slike heilskaplege operasjonar.
Ei av hovudoppgåvene for NUPIs avdeling for tryggleik og krisehandtering er å bidra til betre forståing mellom sivile og militære tilnærmingar til krisehandteringsoperasjonar. I MNE 5 er fokuset metodar for monitorering og evaluering av pågåande operasjonar ( effect-based assessment ). Delprosjektet, som blei påbegynt i februar 2007, har to siktemål. For det første å bidra til auka kunnskap blant sivile og militære aktørar i fredsoperasjonar om kvarandres arbeidsmetodar og omgrepsapparat. For det andre å komme med innspel til korleis ein på mest mulig effektiv måte kan evaluere iverksette tiltak og deira effekt i internasjonale fredsoperasjonar. NUPI arrangerte eit større arbeidsseminar om dette temaet i Oslo i desember 2006.
Eit anna delprosjekt er å tilpasse NATOs operasjonskonsept ( effect-based approach to operations ) til samarbeid med ulike sivile aktørar i ein såkalla comprehensive approach . Arbeidet på dette prosjektet starta i mars 2007. Her er også samanhengen mellom ulike initiativ til bedre multinasjonal og -funksjonell samhandling viktig, slik som FNs Integrated Missions, NATOs Comprehensive Approach osv. Det er i dag stor utbreiing av såkalla resultatbasert styring og planlegging i både militære og sivile organisasjonar, noe som i prinsippet skulle kunne bane veg for tettare samarbeid i planlegging, iverksetting og evaluering av fredsoperasjonar. NUPI søker å vise utviklinga på desse felta frå fleire sider (inkludert FN, Verdsbanken, private aktørar mm.), for derigjennom å kunne bidra til at MNE 5 blir eit relevant og sentralt forum for utvikling av konsept for framtidas komplekse fredsoperasjonar.
Finansiering
Fellesoperativt Hovedkvarter og Forsvarsdepartementet
- Haugevik, Kristin M., Benjamin de Carvalho (2007). Civil-Military Cooperation in Multinational and Interagency Operations: Discussion Paper on Operational Terminologies and Assessment for Multinational Experiment 5 [MNE5]. NUPI-notat: 718. 28 sider. A Publication in the NUPI Series on Security in Practice
- Schia, Niels Nagelhus, Ståle Ulriksen (2007). The UN, EU and NATO: Common Challenges in Multidimensional Peace Operations. NUPI-notat: 728. 15 sider. Rapporten gir en oversikt over utfordringer FN, EU og Nato står overfor når det gjelder integrerte tilnærminger til fredsbyggingsoperasjoner.
- Lie, Jon Harald Sande (2008). The World Bank and Conflicts. From Narrow Rules to Broader Principles.. Oslo, NUPI. 23 sider. Security in Practice no. 9. Artikkelen omhandler Verdensbankens relevans til konfliktsituasjoner og flerinstitusjonelt samarbeid, og diskuterer ny policy opp mot Verdensbankens tradisjonelle felt og apolitiske mandat.
