Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

Multinational Operations Analysis Programme (MNE 5)

 
 


Programmet sitt viktigaste satsingsområde er Multinational Experiment 5 (MNE 5) . Dette er eit stort internasjonalt program for konseptutvikling og eksperimentering innafor fleirnasjonale og fleirfunksjonelle fredsoperasjonar, som går frå hausten 2006 til sommaren 2009. Målet er å finne gode måtar å koordinere og samordne politiske, humanitære, økonomiske og militære verkemidlar på i internasjonale innsatsar.

 

MNE-serien blei initiert av amerikanske Joint Forces Command (JFCOM) i 2001 med fem partnarland. MNE 5 har no åtte partnarar (USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Sverige Finland, Kanada og NATO), fire land med deltakarstatus (Spania, Danmark, Australia, Østerrike) og sju observatørar (Tsjekkia, Hellas, Ungarn, Polen, Singapore, Sør-Korea og EU). Den norske støtta går via NATO Allied Command Transformation (ACT) . Her samarbeider NUPI, Forsvarets forskningsinstitutt FFI , Forsvarets Stabsskole (FSTS) og Forsvarets Operative Hovedkvarter (FOHK) nært med NATO i prosjekt som studerer korleis ein best kan bruke effektbaserte operasjonskonsept i slike heilskaplege operasjonar.

 

Ei av hovudoppgåvene for NUPI si avdeling for sikkerhet og krisehåndtering er å hjelpe til med å betre forståinga mellom sivile og militære tilnærmingar til krisehandteringsoperasjonar. NUPI sitt engasjement i MNE 5 har dermed to siktemål. For det første å hjelpe til med å auke kunnskapen blant sivile og militære aktørar i fredsoperasjonar om kvarandre sine arbeidsmetodar og begrepsapparat. For det andre å kartlegge og identifisere områder der sivile og militære aktørar har størst potensial for å samkjøre sine aktivitetar, det vere seg i strategisk eller operativ planlegging, implementering eller evaluering i internasjonale freds- og krisehandsamingsoperasjonar.

 

NATO sitt ansvarsområder innan MNE 5 er dels resultat- eller effektsbaserte modellar for planlegging og implementering av operasjonar (effekt based approach to operations – EBAO), dels ein effektsbasert metode for monitorering og evaluering av pågåande operasjonar (effect based assessment, EBA). NUPI si støtte har dermed i stor grad vore til hjelpe med å bringe dei sivile dimensjonene inn i desse konsepta.

 

Eit overgripande konsept i MNE 5 er det såkalla ”comprehensive approach”, med andre ord at dei ulike nasjonar og organisasjonar som er engasjerte i ei krisehandsaming er samkjørde i heile operasjonen. Modellar for dette blir utvikla både på strategisk og operasjonelt nivå i MNE-5. Her er også samanhengen mellom ulike initiativ til betre multinasjonal og -funksjonell samhandling viktig, slik som SN sine Integrated Missions, NATO sin Comprehensive Approach osv. Det er i dag stor utbreiing av såkalla resultatbasert styring og planlegging i både militære og sivile organisasjonar, noko som i prinsippet skulle kunne bane vegen for tettare samarbeid i planlegging, implementering og evaluering av krisehandsamingsoperasjonar. NUPI prøver å belyse utviklingen innan deisse felta frå fleire sider (inkludert SN, Verdsbanken, private aktører mm), for derigjennom medverke til at MNE-5 blir eit relevant og sentralt forum for utvikling av konsept for framtida si komplekse freds- og krisehandsamingsoperasjonar.


Pågaende prosjekter [vis alle]

Multi-National Experiment 5 (MNE 5) 2006-2009

MNE 5 er eit stort internasjonalt program for konseptutvikling og eksperimentering innanfor fleirnasjonale og fleirfunksjonelle fredsoperasjonar. Les meir

Fullførte prosjekter [vis alle]

Empowering commercial actors: Outsourcing of humanitarian and development services in international peace operations and post-war settings 2008

Prosjektet undersøker framveksten, omfanget og ekspansjonen av deltakinga til kommersielle selskap i fredsoperasjonar. Les meir

Publikasjonar