Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

Etterretnings- og sikkerhetsreform i Bosnia-Hercegovina

 
 

[2006 - ]Etterretnings- og sikkerhetsreform i Bosnia-Hercegovina

Prosjektet skal bidra til å koordinere norsk støtte til etterretnings- og tryggingsreformen i Bosnia-Hercegovina.
Deltakarer

Karsten Friis
Vegard Valther Hansen
Kari M. Osland

I tillegg er Rita Augestad Knudsen tilknytt prosjektet.

Prosjektet blei oppretta i 2006 som eit anvendt program innanfor arbeidet med tryggleikssektorreform ved NUPI. Prosjektet er i denne fasen innretta for å koordinere norsk støtte til etterretnings- og tryggingsreformen i Bosnia-Hercegovina. Målet er å bidra til å bygge ei funksjonell statleg, sivil etterretnings- og tryggingsteneste og å styrke det fulle spektret av institusjonelt støtte- og kontrollnettverk som må omgi ei etterretnings- og tryggingsteneste, dvs. både den utøvande leiinga og den parlamentariske og rettslege kontrollen, men òg utviklinga av ein opplyst og interessert allmente. Prosjektet må sjåst i samanheng med dei andre og omfattande reformane av tryggleikssektoren som finn stad i Bosnia-Hercegovina for å styrke den demokratiske kontrollen, men òg for å sentralisere og effektivisere vesentlege funksjonar.

 

NUPI søker å bidra til at den norske støtta til etterretningsreformen innanfor gitte rammer blir tilpassa dei behova som kjem til uttrykk blant lokale aktørar. Kompetanse som finst i relevante miljø i Norge, blir forsøkt involvert i størst mulig grad.



Finansiering

Utanriksdepartementet



Published: 02.06.2008 - Modified: 17.02.2010