Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

Balkanprogrammet

 
 


Utviklinga på Balkan har vore eit viktig fokus for NUPI sidan oppløysinga av Jugoslavia tidleg på 1990-talet. Balkan har vore ein viktig og dramatisk arnestad for den tryggingspolitiske utviklinga i Europa, og for utviklinga av dei instrumenta og organisasjonane som ivaretek den europeiske tryggleiken i dag.

 

Folkemordet i Srebrenica blei vekkaren som fekk SN til å utvikle meir robuste mandat, konflikta i Kosovo aktualiserte problemstillinga om humanitær intervensjon og SN-mandat, medan Makedonia fekk EU sitt første ESDP-sendelag, for å nevne noko. Framleis er EU, NATO, OSSE og SN djupt engasjerte i regionen – som trass i framgang framleis slit med store utfordringar knytte til den nære fortida.

 

NUPI fokuserar på den tryggingspolitiske utviklinga i regionen, spesielt i Bosnia-Hercegovina, Serbia, Montenegro og Kosovo. Reint konkret består Balkanprogrammet av fire autonome prosjekt: Tryggingssektor reform i Bosnia-Hercegovina, Belgrade School of Security Studies (BSSS), Studien av konsekvensen av sanksjonane mot FRJ, samt støtte til Peace Support Operations Training Centre (PSOTC) i Sarajevo.

 

Karsten Friis fungerar som programleiar medan Vegard V. Hansen har permisjon. I tillegg deltek Rita Augestad Knudsen i programmet.


Pågaende prosjekter [vis alle]

Security Transitions in the Western Balkans - From Conflict Zone to Security Community 2010 - 2013

The project, organised as a consortium, will examine the strategic priorities of the Western Balkans. Les meir


Internasjonal statsbygging i Kosovo – sikkerhet, råderett og privatisering 2009-

Dette prosjektet er en pilotstudie til et 3-4-års forskningsprosjekt om dominerende forståelser av selvbestemmelsesretten og konsekvensene av internasjonal statsbygging i Kosovo. Forstudien vil se nærmere på en sentral del av statsbyggingsprosjektet i Kosovo – internasjonalt ledet privatisering – og inkludere intervjuer med et begrenset utvalg relevante aktører, observatører og eksperter. Les meir


The Peace Support Operations Training Centre 2008-

Samarbeidsprosjekt med the Peace Support Operations Training Centre (PSOTC) i Sarajevo, Bosnia-Hercegovina Les meir

Fullførte prosjekter [vis alle]
Publikasjonar [Vis flere]