Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

Afghanistan og Pakistan-programmet

 
 


Krigen i Afghanistan er i dag ei av dei største utanriks- og tryggingspolitiske utfordringane for Norge og dei internasjonale institusjonane som er viktigast for Norge. Det internasjonale samfunnet har vore tungt engasjert i Afghanistan i meir enn sju år. Visse framsteg har blitt gjort, men landet er framleis prega av krig, sterk politisk splid på mange nivå og ekstrem fattigdom. Taliban står stadig sterkt i Afghanistan, trass i harde kampar mot NATO sidan 2006. Taliban og andre regjeringsfiendtlege grupper har styrka sine posisjonar i Pakistan monaleg dei siste åra.

 

Afghanistan er eit særs fragmentert og komplekst samfunn. Afghanske styresmakter og det internasjonale samfunnet forsøker på ein og same gong å bygge opp og konsolidere politiske strukturar, demokratiske prosessar og statens instrument (bl.a. hær og politi) og samtidig føre krig mot Taliban. Det skaper valdsame brytningar mellom ulike folkegrupper, mellom tradisjon og modernisme og mellom sentrum og periferi. Programmets første hovudfokus vil vere å forstå dynamikken i desse prosessane.

 

Konfliktlinjene i Afghanistan er sterkt knytte opp mot den regionale maktbalansen og den politiske utviklinga i nabolanda. Ikkje minst er det ein nær samanheng mellom konfliktane i Afghanistan og den urovekkande utviklinga i Pakistan. Programmet vil legge spesiell vekt på Pakistans mange interne utfordringar. Afghanistan har i periodar vore sett på som ein buffer mellom Sentral-Asia og Sør-Asia. Landet kan òg, og særleg med tanke på energitransport, sjåast som ei potensiell bru mellom ulike regionar. Då vil eit regionalt perspektiv også måtte omfatte Iran, Russland, landa i Sentral-Asia, Kina og India. Denne regionale dynamikken er det andre hovudfokuset for forskingsprogrammet.

 

Etter mange år med krav om betre samarbeid og koordinering mellom dei mange statane og internasjonale organisasjonane som er aktive i landet, framstår det internasjonale nærveret framleis som fragmentert. Det er til dels store politiske og faglege motsetningar mellom desse aktørane. Kvar einskild aktør er også prega av interne politiske diskusjonar som legg føringar på deira interesser og aktivitetar i Afghanistan. Relasjonane og styrkeforholdet mellom desse aktørane er det tredje hovudfokuset for forskingsprogrammet.

 

Norge er ein liten, men ikkje ubetydeleg, aktør i Afghanistan. Norge har sterke nasjonale interesser knytte til institusjonar som FN, NATO og EU og til forholdet til statar som USA, Storbritannia og Tyskland. Balansen mellom desse aktørane og mellom omsynet til dei og til kva som faktisk bør utrettast i Afghanistan, er ikkje uproblematisk. Også Norge må ta omsyn til interesser, verdiar og indre spenningar når norsk Afghanistan-politikk skal utformast. Og også for Norge er det problematisk å avpasse ulike instrument til kvarandre og koordinere desse. Utforminga av norsk politikk og strategi i Afghanistan er det fjerde hovudfokuset for programmet.

 

Forskingsprogrammet tar følgeleg sikte på å forstå dynamikken mellom det konfliktprega afghanske samfunnet og eit fragmentert internasjonalt samfunn i ein kompleks regional kontekst. Å forstå Norges rolle i denne situasjonen vil vere eit prioritert mål.

 

Teoretisk vil programmet vere opptatt av dynamikken i regionale konfliktkompleks, av eksternt driven statsbygging med vekt på forholdet mellom, og sekvensering av, militære og sivile verkemiddel, av utviklinga av militære doktrinar og utvikling av teori og praksis innanfor tryggingsektorreform (SSR) og avvæpning, demobilisering og reintegrering (DDR). Alle desse er felt der NUPI allereie har opparbeidd brei kompetanse.

 

Afghanistan og Pakistan-programmet har deltakarar frå fleire av NUPIs avdelingar. Det er eit anvendt forskingsprogram som tar sikte på å gi tilrådingar til norske styresmakter og å ta aktivt del i den internasjonale diskursen på feltet.

 

Programmet blei oppretta i august 2008. Det består av ei rekke delprosjekt finansiert av Forsvarsdepartementet, Norges forskingsråd, Politidirektoratet og Utanriksdepartementet. Programmet har i 2009 ei kjernegruppe på sju forskarar og rådgivarar. I tillegg vil andre ekspertar, både frå NUPI og andre institusjonar, delta i ulike delprosjekt. Førebels er prosjektet meint å løpe ut 2011.


Pågaende prosjekter [vis alle]

UN-NATO Relations 2009-

Les meir


Det norske forsvaret i Afghanistan: erfaringshåndtering, doktrineutvikling og strategisk effekt 2008 - 2011

Hovedfokus for prosjektet er å studere samanhengar mellom erfaringar, operativ aktivitet og strategiske mål ved innsatsen i Afghanistan. Les meir

Fullførte prosjekter [vis alle]

AfPak - NOREF Policy Briefs 2009-2010

Five policy briefs from NUPI’s Afghanistan and Pakistan Programme to inform Norwegian and international policy makers on the challenges ahead in Afghanistan, Pakistan and the region as a whole. Les meir


From Coherent Policy to Coordinated Practice. Are We Delivering Coherently in Afghanistan? 2008

Prosjektet bringer internasjonale og nasjonale aktører i Afghanistan, beslutningstakere og andre sentrale premissleverandører, sammen for å diskutere utviklingen i Afghanistan. Les meir


Integration and Coordination: Critical Success Factors for Military Operations in the Future, with Special Reference to Lessons Learned from the Norwegian Experience in Afghanistan. 2008 -

Prosjektet skal studere utfordringer knyttet til integrasjon og koordinering i Afghanistan. Les meir

Publikasjonar [Vis flere]