Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

The Future of the UN Peacebuilding Commission

 
 

[2009]The Future of the UN Peacebuilding Commission

Formålet med prosjektet er å fremme kreativ nytenking om mellom- og langsiktige roller for FNs fredsbyggingskommisjon (PBC), med spesiell vekt på korleis dette organet kan bidra til ”berekraftige” fredsbyggingstiltak og resultat.
Forskingsprosjektet blei sett i verk av Centre for International Policy Studies (CIPS) ved universitetet i Ottawa, med støtte fra Carnegie Corporation of New York. NUPI blei invitert til å delta som institusjonell partnar. Deltakarer

Cedric H. de Coning
Eli Stamnes


I staden for å konsentrere seg om PBCs daglege operasjonar, tar prosjektet sikte på å stille meir langsiktige, strategiske spørsmål om kva rolle PBC bør ha om fem til ti år frå no? Eller sagt på ein annan måte: Kor ambisiøse mål bør PBC kunne sette seg på mellomlang og lang sikt?

For å svare på desse spørsmåla vil prosjektet fokusere på PBCs bidrag til ”berekraftig fredsbygging”. Problemet med berekraft dreier seg ikkje berre om behovet for kontinuerleg internasjonalt tilsyn med land i risikosona, men òg (og meir fundamentalt) om behovet for ein varig fredsbyggingspolitikk og strategiar som kan føre til haldbare resultat i vertslanda sjølve. Arbeidet med fredsbygging har lenge vore prega av veikskapar ved begge disse aspekta ved berekraft: Den internasjonale merksemda har vist seg å vere flyktig, og resultata av fredsbygging har ofte vore overflatiske. Om vi tenker oss PBC om fem eller ti år, vil eit hovudspørsmål vere korleis Kommisjonen på ein betre måte kan handtere problemet med berekraft.

Internasjonalt anerkjente ekspertar på fredsbygging vil bidra med analysar til prosjektet, og den einskilde bidragsytar vil bli beden om å tenke kreativt rundt spørsmåla ovanfor.

Prosjektets nettsted: http://statebuilding.org/pbc.html 



Finansiering

Carnegie Corporation of New York


Publikasjonar

Published: 17.03.2009 - Modified: 07.11.2011

Prosjektleder

[]