Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

Vald, fattigdom og politikorrupsjon

 
 

[2007-2011]Vald, fattigdom og politikorrupsjon

Prosjektet ser på samanhengen mellom vekst, utvikling, konflikthandtering, kriminalitet og politikorrupsjon.
Samarbeidsprosjekt med Christian Michelsens Institutt (CMI) Deltakarer

Jens Chr. Andvig

Odd-Helge Fjeldstad, Christian Michelsens Institutt (CMI)

Korleis heng utvikling, vekst, konflikthandtering, kriminalitet og politikorrupsjon saman? Etter avkoloniseringa var det lenge eit sensitivt tema å påtale dårleg styresett i sør – ikkje minst korrupsjon. Denne haldninga har endra seg. I nord ser vi eit auka behov for å dokumentere og legitimere bistandsoverføringar til sør overfor eigen opinion. Og globaliseringa med sin auka openheit bidrar til at også nord langt meir enn før blir utsett for verknadene av kriminalitet – herunder korrupsjon, vald og fattigdom i sør. Med andre ord føler givarlanda det meir påtrengande å gjennomgå alle mulige snublesteinar for så vel utvikling og kamp mot fattigdom som for tryggleik og konflikthandtering. Speler politikorrupsjon her ei nøkkelrolle? Lenge har forskarar meint at med stigande vekst følger auka kriminalitet og korrupsjon. Nyare forsking har konkludert motsett: Auka kriminalitet og korrupsjon blir heller sett som ein følge av låg vekst og økonomiske sjokk. Ein sentral hypotese for forskingsprosjektet er at kriminalitet, vald og politikorrupsjon er årsak til betydelege velferdstap for utvikling i sør generelt og for fattige især. Vidare er det eit teoretisk utgangspunkt at kriminalitet, ulikskap og BNP-nivå heng nær saman. Samanliknande landstudiar har vist at 5 % auke i ulikskap (Gini-koeffisient) kan auke kriminaliteten med opp til 50 %. Sterk auke i valdsbruk, korrupsjon generelt og politikorrupsjon spesielt er ein del av dette biletet.

 

Korleis påverkar politiets atferd konfliktforløp? Særleg i starten på konfliktar, men òg når fredsprosessar skal gjennomførast og ro og orden etablerast på nytt, speler politiet ei viktig rolle. Eit korrupt politi kan da fort bli ein hemsko for ei positiv utvikling.

 

I tillegg til publikasjonane nedanfor har Jens Chr. Andvig og Amit Shrivastava levert eit bakgrunns-notat til UNDP: Tackling Corruption, Transforming Lives: Accelerating Human Development in Asia and the Pacific . UNDP, 2008.



Finansiering

Norges forskningsråd


Publikasjonar

Published: 23.03.2007 - Modified: 25.11.2011

Prosjektleder

Jens Chr. Andvig

[Seniorforsker]
Jens Chr. Andvig

Involverte avdelinger