Poverty, Prices and International Inequality
Prosjektet undersøker metodane som blir nytta ved måling av fattigdom og samanlikning av realinntekt i ulike land, spesielt metodar for å ta omsyn til ulike prisnivå.Deltakarer
Det eksisterer for tida høg grad av diskrepans mellom tala for økonomisk vekst i fattige land på den eine sida og statistikk for global fattigdom på den andre. Anten er vekstfigurane for optimistiske, eller så er tala for fattigdom for pessimistiske. Ein truleg hovudgrunn til dette avviket er knytt til metodane som blir brukte for å justere for skilnader i kjøpekraft mellom land; såkalla Purchasing Power Parity (PPP) -data som tar høgd for ulike prisnivå og dermed gjer realinntekt og fattigdomsdata internasjonalt samanliknelege. Metodane for PPP er diskutable, og nyare forsking kan tyde på at vekst i fattige land kan vere overvurdert. Prosjektet vil derfor studere prisstrukturane i fattige land, kva som forklarer dei, korleis dei blir påverka av utvikling og globalisering, og på kva måte dei påverker målinga av fattigdom.
Finansiering
Noregs forskningsråd
