Vildet viser et veikryss Foto: Jacopo/Creative Commons/CC BY 2.0

HVILKEN VEI? Børge Brende er i full gang med å sanke innspill til ny stortingsmelding om veivalg i norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk.

Baner veg for ny utanrikspolitikk

Publisert: 7. okt. 2016

Med djupdykk i blant anna Russland, sårbare statar og det transatlantiske forholdet, har seks møte i NUPI-regi gitt verdifulle svar på dei store spørsmåla før Brendes Veivalg-melding

Har vi riktig forståing av verdsøkonomien? Kva verktøy kan vi bruke overfor sårbare statar? Kva kan Noreg gjere for å styrkje dei internasjonale institusjonane som er viktige for oss? Kva er EU sin strategi for tryggleik, og korleis påverkar den Noreg? Og korleis skal vi eigentleg stilla oss til Russland og USA?

Dette er berre eit knippe av dei viktige spørsmåla som ekspertar har gitt svar på gjennom dei seks ekspertmøta NUPI har arrangert på oppdrag frå Utenriksdepartementet i år. Møta skal gi innspel til ei ny stortingsmelding om vegval i norsk utanriks- og tryggingspolitikk.

Bildet viser deltakere på Veivalg-møte i september 2016Foto: Ane Teksum Isbrekken

SISTE MØTE: Tema for siste møte i vegvalserien på NUPI i semptember var transatlantiske forhold. F.v. Richard Fontaine, Ulf Sverdrup og Wegger Strømmen.

 Tenkje utanfor boksen

- Formålet med møta har vore å hjelpe Utenriksdepartementet ved å stille dei rette spørsmåla til temaa vi har teke opp, for å sikre at dei klarer å tenkje utanfor boksen i analysane sine, seier kommunikasjonssjef Åsmund Weltzien på NUPI Han har vore prosjektleiar for NUPI sin vegvalserie.

På møta har ekspertar frå NUPI, Utenriksdepartementet og akademia og samfunnsliv elles kome saman for å dele kunnskap og erfaringar.

- Møta har gitt mange intense og gode diskusjonar mellom ekspertar og styresmakter, der deltakarane ikkje har vore redde for å flytte seg forbi det politisk korrekte. Det har gjort at både vi og UD har kome ut av møta med meir informasjon og fleire perspektiv enn vi gjekk inn i møta med, seier Weltzien.

Les NUPI-direktør Ulf Sverdrups kronikk om norsk utanriks- og tryggingspolitikk og sjå den innleiande debatten til UD om vegval frå starten av 2016 her.

Ny serie: Ekspertintervjuar

- Desse møta har vore lukka og berre utvalde ekspertar frå akademia, styresmakter, NGO'er og privat sektor har delteke. Diskusjonane har følgt den såkalla «Chatham House»-regelen, som betyr at alle kan bruke det som kjem ut av møta, men ingen blir sitert. Dette er viktig for å skape ein atmosfære der alle er villige til å dele, også ting ein elles ikkje ville delt.

I samanheng med kvart ekspertmøte produserer NUPI si kommunikasjonsavdeling intervjuar med instituttet sine ekspertar på det aktuelle feltet. Videointervjua vil publiserast kontinuerleg på NUPI sin YouTube-kanal og på heimesidene våre.