Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

NUPI si historie

 
 

Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) vart oppretta av Stortinget i 1959. Instituttet har heilt siden starten hatt det doble formålet å forske på og informere om internasjonale spørsmål som er sentrale for norsk utanrikspolitikk og utanriksøkonomi. I tillegg kjem forsking på sentrale internasjonale prosessar og utviklingstrekk.

 

Instituttet er ein frittståande og fagleg sjølvstyrt forskingsinstitusjon. Frå januar 1997 har det status som "statleg forvaltingsorgan med særskilde fullmakter". Omlag 30% av verksemda vert finansiert over statsbudsjettet - resten vert dekka av offentlege og private oppdragsgjevarar. Rundt 75 personar er knytte til NUPI. Instituttet sitt styre vert utnemnt av Utdanning- og forskingsdepartementet (UFD).

 

 

NUPI si historie 1959-1969

Birgitte Kjos Fonn og Vebjørn Elvebakk har skrive den første delen av NUPI si historie. Den tek føre seg gründertida ved NUPI i perioden frå 1959, då ideen om eit utanrikspolitisk institutt vert unnfanga, og fram til 1969.