Beyond Kyoto: Science, Policy-Making and the Future Direction of Russia’s Climate Change Policies
Prosjektet har som mål å kartlegge påverknaden ACIA- og IPCC-rapportar og -prosessar har på utvikling og iverksetting av endringar i russisk klimapolitikk.Deltakarer
Sjølv om Russland ratifiserte Kyotoprotokollen i november 2004, var denne avgjerda i første rekke basert på dei økonomiske fordelane ratifiseringa og karbonhandelen ville medføre. Russland er no inne i ein økonomisk vekstperiode med økte industrielle resultat og vil derfor kanskje ikke vere i same posisjon til å tene på handel i tida framover. Dette reiser spørsmål om kva rolle Russland vil spele i dei internasjonale klimaforhandlingane fram til 2012, da Kyotoprotokollen vil opphøyre.
Vitskaplege evalueringar, som rapportar frå the Arctic Climate Impact Assessment (ACIA) eller Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC), er ofte blitt nytta for å komme fram til ein felles ståstad på internasjonalt nivå. Men slike evalueringar gjenspeglar ikkje politiske vurderingar i overgangsøkonomiar i Sentral- og Aust-Europa på same måte som ein kan sjå i Vest-Europa, da desse landa ofte manglar mekanismar, institusjonar eller einskildpersonar som kan knyte internasjonal kunnskap opp mot nasjonale beslutningsprosessar. Dette prosjektet har som mål å kartlegge påverknaden ACIA- og IPCC-rapportar og -prosessar har på utvikling og iverksetting av russisk klimapolitikk (både med omsyn til internasjonale posisjonar og nasjonal politikk).
Finansiering
