Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

Kina: Russlands nye vektor mot USA i Sentral-Asia?

 
 

[2007]Kina: Russlands nye vektor mot USA i Sentral-Asia?

Prosjektet vil for det første belyse omfanget og arten av den russisk-kinesiske tilnærminga dei siste fire åra og for det andre undersøke USAs svar på aukande russisk-kinesisk makt og samarbeid i Sentral-Asia.
Deltakarer

Julie Wilhelmsen
Geir Flikke


Prosjektet vil for det første belyse omfanget og arten av den russisk-kinesiske tilnærminga dei siste fire åra, innanfor SCO og bilateralt. Dette inneber vurdering av kva slags syn dei to landa har på kvarandres og på USAs rolle i Sentral-Asia, og kor breidt det konkrete tryggingspolitiske samarbeidet mellom Russland og Kina i Sentral-Asia eigentleg er. På bakgrunn av konklusjonar om det kinesisk-russiske samarbeidet i Sentral-Asia vurderest om det er rimeleg å snakke om ei omlegging i russisk strategisk tenking i retning av ei multipolar linje der Kina saman med Russland blir sett som ein motpol til USA.

 

For det andre vil USAs svar på aukande russisk-kinesisk makt og samarbeid i Sentral-Asia bli undersøkt. Ved å sjå på USAs reaksjon på den russisk-kinesiske alliansens tilsynelatande aukande makt i Sentral-Asia håper vi å kunne seie noe om denne regionens plass i USAs tryggingspolitiske strategi.



Finansiering

Forsvarsdepartementet


Publikasjonar

Published: 26.04.2007 - Modified: 11.02.2010

Prosjektleder

[]
 

Involverte avdelinger