State formation and the politics of regime survival
Prosjektet analyserer årsakene til at noen statar bryt saman, mens andre er stabile og fremmer økonomisk utvikling.Deltakarer
Stein Sundstøl Eriksen
Øyvind Eggen
Prosjektet vil for det første undersøke korleis eit regimes respons på ulike typar tryggingstruslar påverkar statsbygginga. Statsbygging finn ofte stad gjennom valdelege konfliktar mellom det styrande regimet og rivalar innanfor og utanfor statens territorium. Dei to forskarane skil mellom to typar tryggingstruslar. Den første typen er truslar frå andre statar mot staten eller det herskande regimet. Den andre typen er truslar frå rivalar innanfor landets grenser mot regimets kontroll over staten eller statens territorium. Korleis blir statsbygging påverka av eksterne eller interne tryggingstruslar?
For det andre vil forskarane undersøke korleis den sosiale basisen til eit regime, definert som dei gruppene som gir aktiv eller passiv støtte til regimet, påverkar statsbygginga. Dei definerer ”regime” som dei som innehar sentrale politiske posisjonar og kontrollerer statsapparatet. Er det ein føresetnad for statsbygging at regimets sosiale basis må vere sterke sosiale grupper med ei eigeninteresse i å styrke staten?
Hypotesane deira kan spesifiserast på følgande måte: Etableringa av ein sterk stat er mulig om det finst ein ekstern tryggingstrussel, om det finst ein intern klassebasert tryggingstrussel og om regimet er alliert med ein mektig klasse eller gruppe som har ei eigeninteresse i å etablere ein sterk stat, som for eksempel ein kapitalistklasse som er økonomisk uavhengig av regimet. Prosjektet er ein komparativ historisk studie av statsbygging i seks land – tre i Afrika (Rhodesia/Zimbabwe, Kongo/Zaïre, Botswana) og tre i Asia (Malaya/Malaysia, Sør-Vietnam og Sør-Korea).
Finansiering
Noregs forskningsråd
- Eggen, Øyvind (2011). Doctoral thesis: Dissonance in Development . Ås, Department of International Environment and Development Studies Norwegian University of Life Sciences. 190 sider. In his doctoral thesis, Øyvind Eggen looks into different forms of governance in Malawi and how this is affected by foreign aid.
- Eriksen, Stein Sundstøl
(2009). The Liberal Peace Is Neither: Peacebuilding, State building and the Reproduction of Conflict in the Democratic Republic of Congo,
in International Peacekeeping, Vol. 16, No. 5, November 2009
.Taylor & Francis.s. 652-666.This article discusses the attempts at state-building by international actors in the Democratic Republic of Congo (DRC). [url]
