Hopp til innholdet

Hopp til hovedmeny

Hopp til Søk

Hopp til sidemeny

NUPI
 
 

Gender Perspectives on Political Participation and Leadership

 
 

[2005–]Gender Perspectives on Political Participation and Leadership

Prosjektet er ein studie av kvinners deltaking og leiarskap i politikken globalt.
Deltakarer



Sidan 1970-talet har verdas regjeringer støtta prinsippet om kjønnsmessig likestilling i politikken. Kvinners deltaking i formelle politiske institusjonar på nasjonalt plan har auka i løpet av dei siste tiåra, men det har skjedd langsamt og ujamt. Men sidan 1990 har det skjedd ein markant auke i talet på kvinnelege stats- og regjeringssjefar rundt om i verda. Spørsmålet reiser seg om korleis ein slik auke har gått til. Er den eit utslag av økonomiske, politiske, sosiale eller kulturelle forhold? Har det skjedd ei demokratisering av styrande organ, endringar i menns og kvinners situasjon og roller eller andre endringsprosessar? Er utviklinga parallell i ulike land og regionar eller speler spesifikke, geografisk bestemte forhold inn? Desse spørsmåla blir det lagt vekt på i prosjektet. Prosjektet munner ut i ein bok om kvinnelege stats- og regjeringssjefer i verda frå 1945 til 2008.



Finansiering

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF).

Norsk Utanrikspolitisk Institutt.

NORAD



Published: 20.03.2007 - Modified: 31.03.2009

Prosjektleder

Torild Skard

[Seniorforsker]
Torild  Skard

Involverte avdelinger